I Østerrike måtte vi på legevakten med mini...
Ho vart akutt dårlig, bleik og blå, pusten gikk sakte og ho ville berre sovne vekk. magen krampa seg men ingenting kom...jentungen hang berre der...
Eg tenkte.."no har ho fått i seg noke giftig..."
vi budde på campingplass i Innsbruck , jentungen putter alt mulig i munnen..og ho er kjapp..overalt..når dette skjedde så sprang mannen gjennom vogna men ingenting mistenkelig der...Ho kunne ikkje rørt noke rart der..der var ikkje mykje ho kunne reagert på.
Ho hadde gått rundt oss, og ikkje gjort noke uvanlig som vi kunne registrere.
Eg hadde nett før vert på doen med mellomste for å ta morgenstellet..og i vognen vart det stellt istand med frokost.
Vi satte oss til bords og jenta kom som ho ofte gjer mot meg for å sitte på fanget..Ho hadde augene igjen og sank sammen mot brystet mitt med engang...eg tenkte først at så var ho vel trøtt..men så merka eg at magen krampa seg og sprang med ho ut om ho skulle spy...men ho hang berre og ingenting kom...Ho prøvde ikkje kaste opp engang..kun magen som knepp...og blei blå og augene rulla ..
aner ikkje..men fekk mannen til å fylle ei flaske med cola...tok ho i armene og gikk mot resepsjonen for å få hjelp..eg ante ikkje kos ho ville Vere om ei lita stund..og eg hadde ikkje noke å hjelpe meg med.
Damen på dårlig engelsk..meg på engelsk som mangla dei orda eg trengte følte eg..vi vart guida til sentrum..der var det legevakter i fleng...og eg gikk selvfølgelig på feil først..og feil legevakt som nr 2..."Bist du kranken..?" Legevakt nr 3 var rett...
Eg måtte knipse jentungen for å holde ho våken...blå om leppene..hjertet dunka...hjernen jobba...var eg hysterisk...tok eg rett...koffor skjer dette? har ho ete noke? ka? pusten? hold ho våken...gå gå gå...husk engelsken...ver klar...snakk tydelig...ikkje grin...gå....ver rolig...ver for guds skyld drit rolig!
"I'm from Norway, can I please speak English? I need help..." skulle ønske tysken min var drit god!
ved eine legevakten fekk eg ho til å drikke av colaen i flaska...kanskje 20min seinare..30min?
og jenta våkna til ...Ho våkna til...pulsen min roa seg...eg jubla innvendig, men tenkte eg gikk til barnelegevakten likevel ..dei såg på ho og tok noen tester, som var fine..dei konstaterte at ho var super sjarmerende og over gjennomsnittet aktiv
..
Deiras diagnose var at ho hadde blitt blå fordi ho kasta opp..noke ho da ikkje hadde gjort..men eg var trygg igjen..det var greitt, ho var seg sjøl.
å møte helsefolk..uansett språk..berre få muligheten til å sleppe ansvaret...dele ansvaret..få bekrefte at det går bra...Vere mor som lurer...eller sjukepleiermamma som veit for mykje..som berre blir en mamma når det skjer noke med ungen sin.
Eg knuga ho ekstra på vei ut...eg visste der var en bekymra far Ein plass i Innsbruck sentrum...der var bekymra søsken i vognen med bekymra besteforeldre...
dei måtte føle seg trygge No...No måtte man formidle ro og informere og smile ..
Mange seie at så bra at man har med en sjukepleiermamma når sånt skjer...eg føler ansvaret tynger ekstra når det blir sagt..om noke går gale...
eg trur enhver mor eller far ville gjort det samme...sjukepleieren jobba kanskje ekstra oppi haudet undervegs..men det var mamma eg var..en redd en...Østerrikerne er flotte mennesker forresten...
at eg ikkje sov godt nettene etter...eller såg litt grundigere på ho dei neste dagene og at eg tenker på det enda...det er sjukepleiermammaen i meg.... som lurer og ønsker svar...men ho bekrefter stadig at ho har det bra😊
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar